Sigrid Moldestad // BONDEN

Описание к видео Sigrid Moldestad // BONDEN

Tekst&Melodi: Sigrid Moldestad
Bilder: delt av bønder i Norges Bondelag. Pictures shared to the artist by farmers in Norway.
From album "Tonen i meg" @grappamusikkforlag @heilo 2021.

Sigrid Moldestad: vocals and fiddle
Sigbjørn Apeland: piano, harmonium
Roald Kaldestad: guitar, mandolin
Kåre Opheim. drums
Anders Bitustøyl: bass
Jørgen Sandvik: slideguitar, guitar.
Produced: Yngve Leidulv Sætre @duperstudio Bergen

www.sigridmoldestad.com

Lyrics:

BONDEN ( The farmer)

Ein mann står ute på bøen og ser
Stryk varsomt på graset som når han til knes.
Det surra småfloger rundt hua med skygg
Han ser ut på sin heim og si bygd.

Garden har levd her med slektenes gang
Han tok over av far sin, og far hans før han.
No ser katten og han ut på himmelens eld
Dei er vener og no tek dei kveld.

Ref:
Snart luktar det kaffi
Potetene kokar
Stemmer på radio
frå landets små krokar
Eit kjøkenbordsmåltid bak falma gardin
Og ei lampe som står der og skin.

I stova er det skuffer med dukar og stas
Dei har lege i ro sidan mor hans fekk slag
På ein solbleika voksduk står eit enaste krus
På eit kjøken i eit altfor stort hus

Når mørkret tek over når natta sig inn
Står ei svak lita lampe i eitt rom og skin.
Som eit ørlite vink frå ei ru arbeidshand
Enkle ljos, i hus i vårt land

Refr.

Det lyser for draumen
Han hadde eingong
Det lyser for ho som
Kom og forsvann
Ein stråle for timar med arbeid og slit
Og håpa som held oss ved liv.

Ein gard som får leve. En bø som vert sådd
Ein lyd av ein traktor og skog som vert hogd.
Eit gras som vert grønt og ein katt som får mat
Og den draumen som stadig heng att.

Комментарии

Информация по комментариям в разработке