Turtips: Storebreahøe (2001 moh.) frå Leirdalen

Описание к видео Turtips: Storebreahøe (2001 moh.) frå Leirdalen

Storbreahøe, av enkelte kalt Jervefonne, er eit fjell som berre så vidt bryt den magiske 2000-metersgrensa. Fjelltoppen er plassert blant ein rekke brear og spisse fjelltoppar i Leirdalen i Lom.

- Stad: Jotunheimen, Lom kommune
- Beste utgangspunkt: Breabakken i Leirdalen
- Lengde: Ca. 9 km tur-retur
- Tid: 5-6 timar tur retur.
- Stigning: Ca. 900 høgdemeter
- Ver obs på: Elva Storbreagrove kan vere krevjande å krysse ved høg vannføring. Etter kryssing er det ikkje merka sti.

Dette er ein topp som er akkurat over 2000 meter høg, men som er omkransa av terreng over 30 grader, og difor veldig skredutsatt om vinteren. Om du har lyst på ein tur hit, men ikkje har klart å stole på at forhalda er gode nok for å gå hit på ski, er det ein god plan å ta turen til topps på barmark!

Adkomst: Vi har fylgt Fv55, Sognefjellet og køyrt inn i Leirdalen (altså vegen og dalen som går mot Leirvassbu). Parker ved Storbreagrove/Breabakkan. Turen startar ca. 1100 meter meter over havet ved frå parkeringsplassen i Breabakkan. Her går vi fyrst over brua som kryssar elva Leira (som altså renn nedover dalen). Frå her følger du ein godt merket natursti oppover mot brefronten til Storbrean.

Les meir her: https://bit.ly/TurtipsStorbreahøe2001

Foto/redigering: Mari Arnøygard Wedum, Visit Jotunheimen
Opptak, 5.august 2024

Комментарии

Информация по комментариям в разработке