RS Skomvær II - Byggjing & dåp ved Stord Verft 1960 - Erik Bye på synfaring.

Описание к видео RS Skomvær II - Byggjing & dåp ved Stord Verft 1960 - Erik Bye på synfaring.

Opptak frå byggjinga av RS Skomvær II ved Stord Verft i 1960.

Redningsbåten vart finansiert gjennom ein nasjonal innsamlingsaksjon, "Skomværaksjonen", i regi av Erik Bye og NRK. Totalt 1,55 millioner kroner vart samla inn.
Erik Bye var sjølv på synfaring ved verftet under byggjinga, dåpen og den offisielle overleveringa.

Sjølve sjøsettinga gjekk ikkje heilt etter planen, då båten stoppa opp etter 30 meter, berre delvis i sjøen. Først ein time seinare vart den slept heilt ut så den fekk flyte sjølv.

Skomvær II vart overlevert Redningsselskapet 16. juli 1960, og denne filmen er såleis publisert på dagen 60 år seinare.

I 1986 vart båten seld til den svenske Sjöräddningssällskapet, der den fekk namnet RK Hans Hansson.
I 1997 vart gamle Skomvær II videreseld til eit cruisefirma på Falklandsøyene, og er som "Hans Hansson" i skrivande stund nytta av film og TV team i samband med vitenskapelege ekspedisjonar i området rundt Falklandsøyene og Sør Georgia.

Musikk:
Erik Bye - Skomværvalsen.

Комментарии

Информация по комментариям в разработке