Stord Verft 1959/60 – Skipsbygging, MS Boss, MT Lind, MT Polarsol.

Описание к видео Stord Verft 1959/60 – Skipsbygging, MS Boss, MT Lind, MT Polarsol.

Aktivitet ved Stord verft rundt årsskiftet 1959 / 1960.
Først ser ein verftet sin arbeidsbåt «Tigeren» saman med dei eldre kranene på kaien.
Deretter kan ein sjå beddingen, der to båtar var under bygging denne vinteren.
Lengst ute er slepebåten MS Boss, som vart sjøsatt 15. mars 1960, og lenger inne ligg bunnplata til MT Lind, som så vidt var påbegynt.
Utanfor beddingen ligg MT Polarsol, som etter sjøsetting er slept til utrustningskaien. Dette var den første båten som var bygd i den nye dokken ved verftet.
Etter eit innblikk i arbeidet som pågjekk i den nye platehallen, kan ein sjå ein båt under bygging i dokken, som sjølv var under bygging på denne tida. Det er noko uvisst kva for ein båt dette er, men truleg er det MT Polarsol, som på denne tida var det største skipet bygd ved verftet. Avslutningsvis ser me klipp frå om bord Polarsol, samt frå dåpen 12. september 1959.

MS Boss vart altså sjøsatt 15. mars 1960 og levert til Bukser og Bjergningsselskapet A/S.
November 1990 vart båten solgt til Chappel Ltd. (Activ Ships Management) og omdøypt «Rocky”. Solgt til Trond Kittilesen to år seinare, og fekk då namnet “Vrangsund”.
Solgt til Ems Technology, Honduras, i mai 1995, og skifta namn til «Salman».
Ved tusenårsskifte var båten uten eigar eller flagg og videre skjebne er ukjend.

MT Lind vart sjøsatt ved Stord Verft 23. juni 1960 og levert til Rederiet Odfjell AS i september same år.
I 1968 vart båten solgt Navios Cisterna S.A.R.L. i Portugal, og gitt nytt namn «Porto de Aveiro». Solgt videre til Hellas i 1978 og omdøypt «Porto Leone». Tre år seinare fekk den nytt namn igjen, «Somcol I».
I september 1985 var båten til ankers utanfor Jeddah, Saudi Arabia, då den sprang lekk.
24. september same år vart den senka utanfor Mismari Beacon i Saudi Arabia.

MT Polarsol vart som nevnt sjøsatt 12. september 1959, bygd for kvalfangerselskapet Polaris AS (Melsom & Melsom). Slept til Aker Mekaniske Verksted, Oslo i mars 1960 for ferdigstilling, og levert i november same år. Det vart mange turar mellom den persiske gulf og Japan i årene som følgde. Men under oppdrag i Persia i 1968, kolliderte «Polarsol» med ein taubåt og var ute av drift i ein måneds tid for reparasjoner på roret.
I april 1972 havna skipet i opplag ved Rolighetens verft, Larvik, der babord kjele brann opp allerede første dagen av opplaget. Solgt til Suntank i september samme år, og omdøypt «Sunny Lady».
Solgt videre til Pegasus Shipping Company i Hellas i 1977 og gitt nytt namn «Nostos».
Sendt til opphogging i Bangladesh, november 1984.

Musikk:
Alexander Nekarada – Reaching the sky
Link:    • Reaching the Sky (Long Version) // Ro...  

Комментарии

Информация по комментариям в разработке